acceptedPage 1Page 1clockclosePage 1facebookPage 1Page 1linkedinPage 1Page 1searchsearchtwitterPage 1must-bg
Arrangement

RIT

Olav H. Hauge sitt draumelandskap

03. okt. 2021 KL. 14:00 - 15:20

Framsyninga «RIT» har fått namn etter etter Olav H. Hauge sitt dikt «Rit», som er eit gamalt ord for «å skriva».

RIT er forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktør samarbeider tett i denne produksjonen om å utforska Hauge sitt draumelandskap. Målet er å føra publikum inn i tankar, kjensler og rom dei ikkje har gjesta tidlegare. Eit rom som freistar søkja lyden av det indre liv, der også stille er eit ynskje om endring. RIT teiknar ei utvikling med moment av humor, drama, angst, men også ei ro som byr på opnenheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi.


Medverkande:

Songaren Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans sopran og folkesongar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane innan klassisk musikk til ny musikk, vise og folkemusikk.

Pianist og komponist Inger-Kristine Riber utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Hochschule Für Musik, Theater und Medien Hannover (Tyskland).

Katherine Hanson tok si doktorgrad på Olav H. Hauge med avhandlinga “Nature Imagery in Olav H. Hauge’s Poetry” (Department of Scandinavian Languages and Literature). Hanson har undervist på St. Olaf College, Pacific Lutheran University og seinast the University of Washington der ho er Affiliate Associate Professor.

Thomas Pihl er ein kunstnar som hentar fargane sine ved å leggja lag på lag med måling. I Pihls verk er sjølve måleriet attraksjonssenteret, eit vindauga til ei verd som er udefinert, men estetisk tiltalande, og som refererer til skjulte tydingar. Måleriet er eit objekt, men materialiserer i seg sjølv mening og ettertanke.

Skodespelar og regissør Ragnhild M. Gudbrandsen kjend frå teater og filmproduksjonar, i tillegg som regissør på ei rekkje oppsetjingar. Ragnhild Gudbrandsen er fast skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen, og har sterk tilknytning til Det vestnorske teater.( tidligere Hordaland teater).

Tekst: Olav H. Hauge

Manus: Reidun Horvei og Katherine J. Hanson

Musikk: Inger-Kristine Riber