must-bgPage 1Page 1clockclosePage 1facebookPage 1Page 1linkedinPage 1Page 1searchsearchtwitterPage 1
Arrangement

Luther med latter

Kritikkerrost forestilling med Ryfylke Livsgnist

19. mai 2017 KL. 19:00 - 20:40

I 2017 er det 500 år sidan Martin Luther starta reformasjonen, då han hengte opp 95 tesar mot avlatshandelen på slottskyrkja i Wittenberg. Det er truleg enkelthendinga som har prega Europa og Norge mest.

I heile 2017 skal me i Ryfylke Livsgnist reisa rundt med førestillinga «Luther med latter» - eit historisk og humoristisk skråblikk på kva Lutherdommen har ført med seg gjennom 500 år i våre bygder og byar.

I beste lutherske ånd, blir det mykje humor. Ja, alt folk som sovnar under laaange preiker, konfirmantar som svimar av under overhøyring, ein gal teologiprofessor, pietisme, rasjonalisme, salmestrid, sørlendingar som stikk av med biskopen og fram til lovsongsdans i dag…. For berre å nemna noko.

500 år på 100 minutt, der me er fire formidlarar som spelar ulike roller, er historieforteljarar og musikar – og går ut og inn av dei ulike hendingane og hundreåra.

Førestillinga er tufta på historiske fakta, humoristiske vinklingar og musikalsk truverd.

Utstein Pilegrimsgard held ope frå kl 17.00, og serverer Luthersuppe både før og etter førestillinga.

Førestillinga blir sett opp i samarbeid med Utstein Pilemgrimsgard og Rennesøy og Mosterøy menigheter.


Billettbestilling >>>