must-bgPage 1Page 1clockclosePage 1facebookPage 1Page 1linkedinPage 1Page 1searchsearchtwitterPage 1

Tidleg på jobb for å filosofera

- Eg kjem gjerne ut ein time før jobb for å filosofera ved dei kvite klostermurane. Ein finn lett roen på ein slik plass, fortel museumsvert Einar Sanstøl.

Sanstøl er ein av vertane som storkosar seg, ute som inne.

- Dette er ein god plass for å få tankane til å vandra…Det har vore mange historier her, skjedd noko, vore aktivitet sidan slaget i Hafrsfjord. Då får ein eit langt perspektiv på staden.

Når Sanstøl får på seg middelalderdrakta går han rett inn i rolla som formidlar.

- Når eg tar på meg drakta så kjem eg inn i middelaldaren. Drakta skaper også litt begeistring. Når ein tenkjer på alt som har skjedd her ute kan ein bli litt overvelda.

utstein-2019.jpg#asset:8508

Museumsverten har tidlegare jobba i oljebransjen, og det blir fjerde sesongen han jobbar på Utstein kloster i sommarsesongen. Han elskar det.

Nytt i fjor var klosterhagen, det er også noko å kosa seg med, halda i drift.

- Me prøver oss med vindruer, oliven og humler, fortel han.

Sandstøl er også vert ved Ledaal, og jobbar på butikkafeen ved Stavanger museum. Men det er på Utstein kloster han finn ein heilt spesiell ro, i historien i nydeleg natur.