must-bgPage 1Page 1clockclosePage 1facebookPage 1Page 1linkedinPage 1Page 1searchsearchtwitterPage 1

Lys og mørke frå Ingerine Dahl

​​På sin kjære Ole Bull fiolin skal solist og fiolinist Ingerine Dahl servera både lys og mørke komande sundag.

Fiolinist Ingerine Dahl speler solo i ein av sine konsertar i konsertserien på seks på Utstein Kloster. Med Johann Sebastian Bach sine sonatar og partitaar vil ho dela både mørke og lys for publikum utover våren.

Improviserer
Mellom oppføringar der ho er konsertmeister i «The Mute» og andre prosjekt er konsertane på Utstein Kloster viktige. Åleine skal ho dela Bach sine stemningar i heilskap, men der ho improviserer undervegs.

Publikum får gjerne eit slags møte med Bach sitt kjærleiksliv under denne konserten.

- Bach mista kona si. Etter kvart fann seg ny kone og fekk fleire barn, fortel Ingerine.

Ho opplever at det er kjærleiken sine opp og nedturar i Bach sitt liv som er sentrale i desse konsertane. Sundag framfører ho Bach Partita i H-moll.

- Kva forhold har du sjølv til Utstein Kloster?

- Det har alltid vore fint å koma ut her. Ein får eit anna fokus. Det er nokre fantastiske rom her.

Fiolinisten synest det er noko meditativt med å trø inn i desse romma.

Musikalsk familie  
Det har aldri vore eit tema om kva yrkesveg Ingerine skulle velja. Som treåring sto ho på krakken heime og øvde på fiolin. Ho er vaksen opp i ein musikalsk familie.  

- Slik har det vore. Eg er avhengig av å spela kvar dag. Kjærasten min er også musikar i SSO, så dette held me på med begge to, fortel ho.

Ingerine har ein imponerande karriere bak seg. Som 17-18-åring starta ho og spela profesjonelt. Sidan har det blitt konsertar i inn- og utland. Ho er også sjef for talentutviklingsprogrammet Region for talentutvikling i Tromsø, og i årevis har ho ved sidan av solospelinga spelt i duoen Milan duo. Ho underviser også unge musikarar i Stavanger, i tillegg til fast jobb i SSO.  

I fjor tok ho sin andre master i fiolin.

-  Eg hadde aldri studert i Oslo før, den fyrste masteren tok eg i utlandet, smiler ho.

Ho opplever at det viser meir igjen når ho har konsertar i Oslo og Bergen, og synest derfor det var godt å koma innanfor det klassiske miljøet også i Oslo.

Plastkjolen i London
Ingerine er busett i Stavanger og elskar å ha basen her, men synest det er inspirerande å koma seg ut. Som då ho sto på scenen i London i plastkjole og spelte på elektronisk fiolin.

- Kjolen fylte etter kvart heile golvet på scenen!

Tilbake til Rogaland. Den fantastiske Ole Bull fiolinen frå 1849 låner Ingerine gjennom Sparebankstiftelsen, og er det kjæraste instrumentet ho bruker.

- Eg eig ingen fiolin, så Vuillaumen eg er så heldig å ha på lån er mitt einaste instrument!

Så for dei som vil koma til unike Utstein Kloster og oppleva Bach sitt lys og mørke frå Ingerine, er tida inne for dette nå.